Eit fantastisk fint opphald på eit flott hotell, berre få steinkast unna staden der starten på slutten av vikingtida Irland byrja langfredag 1014 - slaget ved Clontarf. Det er også lett å koma seg til Dublin sentrum eller nordover nokre få kilometer til den gamle fiskarlandsbyen Howth. Hotellet har fantastiske bygg, triveleg bar, utruleg flott frukostområde, stemningsfulle lobbyareal, og møterom/festlokale i stjerneklassen. Om dette hotellet kan eg berre seia ein negativ ting: Kombinasjonen av fleire hundre år gamle veggar og artefakt med nokre ultramoderne kunstverk her og der, trekkjer NED.